Archive for January, 2010

h1

Object can not be liked!

January 13, 2010

Object can not be liked!

h1

Løgna om sanninga

January 8, 2010
Eg, Jean Docco er ikkje heilt som vanlege menneske. Heilt sidan eg vart født har eg hatt noko inni meg som berre har vekse opp gjennom åra. Eg er frå ein god familie med gode kår og eg er født seint på 1800-talet i Frankrike. Meir konkret i 1892, og derfor kunne eg dyrke det som veks inni meg, nett mitt eige syn på kva kunst er.
Eg høyrer ofte kva andre synes er såkalla god kunst og eg blir like forundra kvar gong nokre uttaler seg slik. Det er ikkje heilt rett, meiner eg. Det finnes ingen variasjon, nesten all kunst no om dagen blir laga etter ein formel, rett og slett ei oppskrift.
Kor vart det av dei dagane der mykje vart gjort ulikt? Eg har fått fortalt litt av foreldra mine korleis det meste var før, då kunstnarar fekk vere kunstnarar, og hulemaleri var hulemaleri. Sjølv har eg fått prøvd meg ut med ulike måleteknikkar. I det siste har eg også hatt nokre utstillingar av måleria mine der eg har fått solgt eit eller to måleri kvar gong, men aldri til den prisen som eg sjølv vil ha for dei. Dei sei eg ikkje er gammal nok til å få ein god nok pris for dei. Er ikkje kunst kunst sjølv om du er litt yngre enn dei fleste? Eg er klar over at erfaringane mine blir målt i min alder, sjølv om det for min del så stemmer ikkje det. Eg burde ha fått på meg 20 år ekstra, berre fordi eg kan.
Når eg først kjem på det, for litt sidan kom eg over ein kunstnar som det verkar som har vald å bruke berre geometriske figurar. Ekstremt absurd om eg må sei det sjølv. Rette linjer over alt, fargar som ikkje høyrer heime. Kva for hjerne kan i det heile klare å tenke ut noko slikt? Har aldri sett noko liknande før.
Picasso vert den mannen kalla. Han har måtte slite med sitt, sjølv om han er nokre år eldre enn det eg er. Det eg prøver å få fram er at eg vil møte denne merkverdige mannen, og om ikkje anna lære litt frå han. Eg har fått høyre frå sikre kjelder at han har slått seg til ro her i Paris.
Det å lokalisere med 100% nøyaktigheit kor han held stad skulle vise seg å vere vanskelegare enn først trudd. Det einaste eg kunne komme på var opninga av eit galleri der Picasso mest sansynleg kom til å vere tilstades, nett slik som med andre høgt prioriterte kunstnarar. For å komme meg dit som dei fleste gjer fekk eg sjåføren min til å ta kveldsskiftet istaden for den tida han normalt jobba. På den tida det tok å komme seg dit hadde eg allereie komen opp med ei opningslinje for då eg endeleg fekk helst på Pablo Picasso.
Allereie i inngangsdøra kunne eg kjenne igjen den typiske kunstneriske atmosfæren, nett slik som eg kjenner han. Sterk, bestemt og samtidig nokså fri. Då eg gjekk inn i rommet måtte eg ta meg ein ekstra kikk i rundt. Kva for maleri var der, kva for mann har måla dei og kva for folk det var der. I ein liten augeblink meiner eg at eg fekk auge på nokon som likna på Picasso. Ennå usikker på om det faktisk var han, nærma eg meg med mellomstore skritt. Han stod der og studerte eit måleri måla av ein heller ukjend kunstnar med namn Bernhard Villinger. Eg stilte meg ved sidan av han, gjorde eit godt forsøk på å tolke utrykka i andletet hans, men eg mislykka totalt då det einaste eg kunne tolke meg fram til var tomleik. Andletet var stramt, og ikkje så mykje som ei einaste rykking i ein einaste muskel var tilstades.
Omsider fekk eg stotra fram
«Det er eit litt finurleg bilete, er det ikkje?»
«Jo, visst er det det», fekk eg lynkjapt tilbake.
Responsen overraska meg noko kraftig då svaret var høgst uventa. Eg hadde venta at han skulle vere heller kritisk, eller ikkje ha ork til å svare meg i det heile.
«Du… Har ikkje du måla noko før? Noko som kanskje liknar på dette?»
«Nei, så klart har eg ikkje det! Mine verk er unike. Verka mine er noko heilt nytt, som ingen andre i verda har sett eller opplevd før. Dei er spesielle. Dei er ein del av meg. Eg er unik, nett som det du er».
Forundra som eg vart tok det meg litt tid å leite etter dei orda som kunne passe i denne samanhengen. Lett var det ikkje, men heller ikkje heilt umogleg.
«Kva er det som gjer dine verk så spesielle, som gjer at dei skil seg ut frå dette?»
Picasso svarte ikkje med ein gong, men berre stod der. Han tenkte seg om og såg på maleriet som hang rett foran nasetippen på han
«Kom! Eg skal vise deg kva som er så spesielt», sa han plutseleg og gav eit teikn på at eg skulle følgje han.
Deretter gjekk vi ut av lokalet og ned ein veg ved galleriet som leda oss mot havet. Då vi var nådd havet leda han meg mot eit av båthusa. Då vi gjekk inn i det eine spesielle båthuset kom vi straks til ei trapp som leda opp mot taket. For kvart trappetrinn både eg og Picasso tok kom det høge «KNIIIIIRK» som kun ei pina katte kunne kjenne seg igjen i.
Straks vi var komen opp fekk eg auge på eit maleri.
«Kva for eit kunstverk er dette?» Undra eg meg.
«Vel, dette min kjære mann er mitt meisterverk. Eg har vald å kalle han for Three Musicians. Eg måla han for omlag tre år sidan. Kva for meiningar har du å formulere her?»
Picasso tok deretter eit steg tilbake for så å vise måleriet stolt fram. Bilete i seg sjølv viste forskjellige geometriske formar, mest rektangel som var så strategisk plasserte at dei forma tre skikkelsar der dei alle spelte ulike musikkinstrument. Også i skuggane kunne ei sjå figurar som minna om til dømes dyr. Ein kunne tydeleg sjå at figurane nesten smelta saman for å danne ei form for overlapping der ein skulle undre seg for kva for figurar som høyrde til kva for motiv. Med granskande auge venta han på eit fornuftig svar frå meg som eg atter ein gong ikkje visste korleis eg skulle formulere. Eg ville då gje han eit svar som han var fornøgd med. Spesielt sidan eg allereie var kjend med nokre av hans tidlegare verk.
«Slik som eg ser det føler eg eit slags tomrom ved å studere dette måleriet, men på same tid ligg det ei kjensle av fullstendighet under sjølve måleriet.» Eg undra meg om han kom til å forstå kva det var eg eigentleg sa der. Ikkje nok med at han fullstendig stoppa opp for å nærmast studere ansiktstrekka mine. Han til og med fekk eit meir ope, og litt blankare utrykk i auga før han la til;
«Kunst er ei løgn som gjer at vi kan innsjå sanninga! Du er ein av dei få som har forstått poenget med kunst. Ikkje berre som ei forlenging av ein sjølv, men som eit utrykk av sanninga i løgna som aldri eksisterte.»
Han stirra meg intenst inn i auga før han så gjekk bort til eit skåp heilt i andre enden av rommet og fann fram to slitte glas og ei flaske kvitvin. Han tømde vin i begge glasa til dei var halvfulle og gav meg det eine glaset. Det kom ein sur men samtidig søt aroma stigande opp frå glaset, som deretter fylde nasebora mine med vellukt. Det var ikkje å kome bort i frå at kvar einaste rykking i ansiktet mitt utrykka glede i det leppane mine fekk kontakt med det bløte som då ein gong smaka så himmelsk godt. Eg kunne ikkje heilt kjenne igjen kor vina var produsert, men ein ting var klart… Dette var rein, god, fransk vin av øvste klasse.
Et stykke ut på kvelden, og mest sansynleg etter alt for mange glas vin kom Picasso på at han ville male enda eit meisterverk.
«Kva for sanning meiner du at dette måleriet burde fortel?» Undra han på før han straks utan å vente på svar lot malekosten vandre over lerretet. Det virket som at malekosten var magisk for alt skjedde på et blunk. De mest realistiske fargene og figurene viste seg på lerretet.
«Dette skal symbolisere din uskyld», Utbrøt han plutselig.
«Du er han, han er deg. Kleda er kjenslene dine. Dette er den du er og den du burde vere».
Kva for mann kan kome med noko slikt og så sleppe unna med det? Ingen andre enn han.
«Eg vel å kalle dette måleriet for Paul as Harlequin til ære for deg. Til ære for den personen du er og burde vere. Til sanninga om du utvikling. Til sanninga!».
Sjølv nokså berusa verka det som at det han sa gav ei meining. Ikkje nok med at han var berusa, men så var eg også. Det er unnskyldninga mi til at eg var der den natta. Eg var med på alt han fann på. Gjorde narr og prata alvor om kvarandre. Sjølv om dette måleriet ikkje var som dei eg hadde sett tidlegare på kvelden så hadde det nokre likskapstrekk som til dømes figurane på kleda til borne.
Berusa som vi var fall vi i søvn midt på tregulvet, den eine over den andre. Vi må begga ha sett like merkelege ut der vi låg krølla saman over kvarandre. Litt av eit rot med kroppsdelar om eg får sei det sjølv.

Menssmerter:
Eg, Jean Docco er ikkje heilt som vanlege menneske. Heilt sidan eg vart født har eg hatt noko inni meg som berre har vekse opp gjennom åra. Eg er frå ein god familie med gode kår og eg er født seint på 1800-talet i Frankrike. Meir konkret i 1892, og derfor kunne eg dyrke det som veks inni meg, nett mitt eige syn på kva kunst er.Eg høyrer ofte kva andre synes er såkalla god kunst og eg blir like forundra kvar gong nokre uttaler seg slik. Det er ikkje heilt rett, meiner eg. Det finnes ingen variasjon, nesten all kunst no om dagen blir laga etter ein formel, rett og slett ei oppskrift.Kor vart det av dei dagane der mykje vart gjort ulikt? Eg har fått fortalt litt av foreldra mine korleis det meste var før, då kunstnarar fekk vere kunstnarar, og hulemaleri var hulemaleri. Sjølv har eg fått prøvd meg ut med ulike måleteknikkar. I det siste har eg også hatt nokre utstillingar av måleria mine der eg har fått solgt eit eller to måleri kvar gong, men aldri til den prisen som eg sjølv vil ha for dei. Dei sei eg ikkje er gammal nok til å få ein god nok pris for dei. Er ikkje kunst kunst sjølv om du er litt yngre enn dei fleste? Eg er klar over at erfaringane mine blir målt i min alder, sjølv om det for min del så stemmer ikkje det. Eg burde ha fått på meg 20 år ekstra, berre fordi eg kan.Når eg først kjem på det, for litt sidan kom eg over ein kunstnar som det verkar som har vald å bruke berre geometriske figurar. Ekstremt absurd om eg må sei det sjølv. Rette linjer over alt, fargar som ikkje høyrer heime. Kva for hjerne kan i det heile klare å tenke ut noko slikt? Har aldri sett noko liknande før.Picasso vert den mannen kalla. Han har måtte slite med sitt, sjølv om han er nokre år eldre enn det eg er. Det eg prøver å få fram er at eg vil møte denne merkverdige mannen, og om ikkje anna lære litt frå han. Eg har fått høyre frå sikre kjelder at han har slått seg til ro her i Paris.Det å lokalisere med 100% nøyaktigheit kor han held stad skulle vise seg å vere vanskelegare enn først trudd. Det einaste eg kunne komme på var opninga av eit galleri der Picasso mest sansynleg kom til å vere tilstades, nett slik som med andre høgt prioriterte kunstnarar. For å komme meg dit som dei fleste gjer fekk eg sjåføren min til å ta kveldsskiftet istaden for den tida han normalt jobba. På den tida det tok å komme seg dit hadde eg allereie komen opp med ei opningslinje for då eg endeleg fekk helst på Pablo Picasso.Allereie i inngangsdøra kunne eg kjenne igjen den typiske kunstneriske atmosfæren, nett slik som eg kjenner han. Sterk, bestemt og samtidig nokså fri. Då eg gjekk inn i rommet måtte eg ta meg ein ekstra kikk i rundt. Kva for maleri var der, kva for mann har måla dei og kva for folk det var der. I ein liten augeblink meiner eg at eg fekk auge på nokon som likna på Picasso. Ennå usikker på om det faktisk var han, nærma eg meg med mellomstore skritt. Han stod der og studerte eit måleri måla av ein heller ukjend kunstnar med namn Bernhard Villinger. Eg stilte meg ved sidan av han, gjorde eit godt forsøk på å tolke utrykka i andletet hans, men eg mislykka totalt då det einaste eg kunne tolke meg fram til var tomleik. Andletet var stramt, og ikkje så mykje som ei einaste rykking i ein einaste muskel var tilstades.Omsider fekk eg stotra fram «Det er eit litt finurleg bilete, er det ikkje?» «Jo, visst er det det», fekk eg lynkjapt tilbake.Responsen overraska meg noko kraftig då svaret var høgst uventa. Eg hadde venta at han skulle vere heller kritisk, eller ikkje ha ork til å svare meg i det heile. «Du… Har ikkje du måla noko før? Noko som kanskje liknar på dette?» «Nei, så klart har eg ikkje det! Mine verk er unike. Verka mine er noko heilt nytt, som ingen andre i verda har sett eller opplevd før. Dei er spesielle. Dei er ein del av meg. Eg er unik, nett som det du er».Forundra som eg vart tok det meg litt tid å leite etter dei orda som kunne passe i denne samanhengen. Lett var det ikkje, men heller ikkje heilt umogleg. «Kva er det som gjer dine verk så spesielle, som gjer at dei skil seg ut frå dette?»Picasso svarte ikkje med ein gong, men berre stod der. Han tenkte seg om og såg på maleriet som hang rett foran nasetippen på han «Kom! Eg skal vise deg kva som er så spesielt», sa han plutseleg og gav eit teikn på at eg skulle følgje han.Deretter gjekk vi ut av lokalet og ned ein veg ved galleriet som leda oss mot havet. Då vi var nådd havet leda han meg mot eit av båthusa. Då vi gjekk inn i det eine spesielle båthuset kom vi straks til ei trapp som leda opp mot taket. For kvart trappetrinn både eg og Picasso tok kom det høge «KNIIIIIRK» som kun ei pina katte kunne kjenne seg igjen i.Straks vi var komen opp fekk eg auge på eit maleri. «Kva for eit kunstverk er dette?» Undra eg meg. «Vel, dette min kjære mann er mitt meisterverk. Eg har vald å kalle han for Three Musicians. Eg måla han for omlag tre år sidan. Kva for meiningar har du å formulere her?»Picasso tok deretter eit steg tilbake for så å vise måleriet stolt fram. Bilete i seg sjølv viste forskjellige geometriske formar, mest rektangel som var så strategisk plasserte at dei forma tre skikkelsar der dei alle spelte ulike musikkinstrument. Også i skuggane kunne ei sjå figurar som minna om til dømes dyr. Ein kunne tydeleg sjå at figurane nesten smelta saman for å danne ei form for overlapping der ein skulle undre seg for kva for figurar som høyrde til kva for motiv. Med granskande auge venta han på eit fornuftig svar frå meg som eg atter ein gong ikkje visste korleis eg skulle formulere. Eg ville då gje han eit svar som han var fornøgd med. Spesielt sidan eg allereie var kjend med nokre av hans tidlegare verk. «Slik som eg ser det føler eg eit slags tomrom ved å studere dette måleriet, men på same tid ligg det ei kjensle av fullstendighet under sjølve måleriet.» Eg undra meg om han kom til å forstå kva det var eg eigentleg sa der. Ikkje nok med at han fullstendig stoppa opp for å nærmast studere ansiktstrekka mine. Han til og med fekk eit meir ope, og litt blankare utrykk i auga før han la til; «Kunst er ei løgn som gjer at vi kan innsjå sanninga! Du er ein av dei få som har forstått poenget med kunst. Ikkje berre som ei forlenging av ein sjølv, men som eit utrykk av sanninga i løgna som aldri eksisterte.»Han stirra meg intenst inn i auga før han så gjekk bort til eit skåp heilt i andre enden av rommet og fann fram to slitte glas og ei flaske kvitvin. Han tømde vin i begge glasa til dei var halvfulle og gav meg det eine glaset. Det kom ein sur men samtidig søt aroma stigande opp frå glaset, som deretter fylde nasebora mine med vellukt. Det var ikkje å kome bort i frå at kvar einaste rykking i ansiktet mitt utrykka glede i det leppane mine fekk kontakt med det bløte som då ein gong smaka så himmelsk godt. Eg kunne ikkje heilt kjenne igjen kor vina var produsert, men ein ting var klart… Dette var rein, god, fransk vin av øvste klasse.Et stykke ut på kvelden, og mest sansynleg etter alt for mange glas vin kom Picasso på at han ville male enda eit meisterverk. «Kva for sanning meiner du at dette måleriet burde fortel?» Undra han på før han straks utan å vente på svar lot malekosten vandre over lerretet. Det virket som at malekosten var magisk for alt skjedde på et blunk. De mest realistiske fargene og figurene viste seg på lerretet. «Dette skal symbolisere din uskyld», Utbrøt han plutselig. «Du er han, han er deg. Kleda er kjenslene dine. Dette er den du er og den du burde vere».Kva for mann kan kome med noko slikt og så sleppe unna med det? Ingen andre enn han. «Eg vel å kalle dette måleriet for Paul as Harlequin til ære for deg. Til ære for den personen du er og burde vere. Til sanninga om du utvikling. Til sanninga!».Sjølv nokså berusa verka det som at det han sa gav ei meining. Ikkje nok med at han var berusa, men så var eg også. Det er unnskyldninga mi til at eg var der den natta. Eg var med på alt han fann på. Gjorde narr og prata alvor om kvarandre. Sjølv om dette måleriet ikkje var som dei eg hadde sett tidlegare på kvelden så hadde det nokre likskapstrekk som til dømes figurane på kleda til borne.Berusa som vi var fall vi i søvn midt på tregulvet, den eine over den andre. Vi må begga ha sett like merkelege ut der vi låg krølla saman over kvarandre. Litt av eit rot med kroppsdelar om eg får sei det sjølv.

h1

Christmas/New Years Eve

January 1, 2010

So I spent the days from 25th of December till 1st of January in Gran Canaria. It’s actually pretty strange… Like the trees, with coconuts! Sandy beaches… Warm weather… Great looking Spanish guys…

I felt so sad the night we had to travel home, so I filmed just a bit from the mall in Puerto Rico.

More pictures/youtube films will come soon!

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.