Archive for September, 2009

h1

Slitet med å vere nynorskbrukar

September 30, 2009

Sorry everybody, but this post is in Norwegian since most of you probably wouldnt understand it if I tried to translate it. The text is about the two different kinds of writing we have in Norway, and that one of those is kind of being discriminated against and itæs very difficult for a person to keep that written language when others won’t even try to understand what ytou have written. So you who’s this privileged to know Norwegian, enjoy!

Eg blir så klar og sliten av alle bokmålsbrukarane som heile tida klager og masar. Ingenting er eller vil nokon sinne bli bra nok for dei. Ser dei eit einaste lite nynorsk ord (eller bokstav for den saksskuld) går dei nesten av skaftet og dei syt og klager på at «nei dette forstår dei ikkje, dei vil aldri kunne forstå det, ikkje eingong om dei prøvde». Tull sei eg! Dei vil berre ikkje fordi nynorsk ikkje er norsk nok for dei, eller rettare sagt så er det det dei sei sjølve. Ein ting må dei vite, bokmål er faktisk ein versjon av dansk slik dansk som mange av dei med høg rang i Noreg prata før i tida (altså dansk), medan nynorsk faktisk er slik som nordmenn flest på vestlandet og nokre andre delar av Noreg pratar. Ja, eg må faktisk sei eg blir lei av dei. Dei har rett og slett ikkje vett nok til å gjere eit ærleg forsøk.

Her om dagen fekk rundt halve klassen nynorskbøker i samfunnsfag og rundt halvparten av dei (utanom eg som faktisk hadde beden om ei nynorskbok) vart så fortvila og rett og slett rådville. Men eg kan jo forstå dei litt då, dei har faktisk krav på bøker i deira målform, men det å bli så fortvila er noko eg ikkje forstår meg på (om eg skulle ha oppført meg likeins så hadde skulen gått konkurs). Over halvparten av mine eigne skulebøker er på bokmål og det er ikkje all verda eg kan gjere med det sidan det er eg som eig dei og ikkje skulen. Poenget var då at når eg kjøpte dei bøkene så hadde dei ikkje inne på nynorsk hos bokhandelen og eg kunne då ikkje vente lengre.

Eg syns det er tøvete av bokmålsbrukarane å klage og å syte kvar gong læraren skriv nynorsk på tavla eller vi får ei prøve der det er blitt teken i bruk nynorsk. Slik som eg har sett det så har vi endå ikkje fått ei einaste prøve som har vorte skriven på nynorsk enda, og eg må til og med sei ifrå at på eksamen/tentamen må eg få det skriven på nynorsk, medan det er ei sjølvfølgje at bokmålsbrukarane får det på bokmål. Er dette det vi kan kalle for målformdiskriminering? Det vil eg absolutt kunne påstå. Det er hard jobbing og mas som gjer at eg klarer å halde på målforma mi. Eg veit det er andre som berre rett og slett har slutte å bruke nynorsk då det blei for mykje jobbing og masing på både lærarar og bokforlag. Eg har også i den siste tida blitt sendt fram og tilbake fordi eg skulle få skulen til å bestille ei lærebok på nynorsk for meg (då eg har krav på det), Eg vart sendt mellom desse personane i rundt ein månad før eg så vart sendt til ein tredjeperson som då kunne fortel meg at den boka eg skulle ha faktisk ikkje var blitt bestilt. Eg vart då ståande å sjå på at han faktisk bestilte boka slik som lova, og det vart då gjort.

Så kjære bokmålsbrukarar og andre personar (inkludert makthavande personar) som kan ha nokon relevans. Kan dykk vere så snille å ta litt hensyn, og faktisk kanskje lære dykk nynorsk og gjere eit ærleg forsøk på å både skrive og lese det? (Vel har dykk allereie kome sopass langt i teksta har dykk gjort ein god jobb med å lese det!) Og til dykk nynorskbrukarar. Stå på krava dykkar. Dykk er kun ein liten prosent og må ikkje gi opp slik som andre før dykk har gjort. Det er berre å jobbe dykk fram. Både med lesing, skriving og masing på at no MÅ det brukast meir nynorsk i læringa på skulane.

Ein ting må alle i offentleg sektor hugse på. Om nokon skriv til deg må du faktisk kunne svare på same målform som det personen skreiv til å byrje med. Hugs det, bruk det, respekter det!

h1

W

September 22, 2009
h1

Fantastic Work of Art!

September 21, 2009

I am what you call art. I am me, I suppose. Most of the time I like being me. But just most of it. This is me.

åsak

h1

More Pictures!

September 9, 2009

Just thought I’d post a few pictures Frida took of me today in the studio =D Edited by me, ofcourse 🙂

Fallen Angel

Fallen Angel

Intense

Intense

Rakkaus

Rakkaus

Scream

Scream

h1

What To Do?

September 3, 2009

I’m bored… I’m at school… We’re having photoclass…. AAAAND I HAVE NOTHING TO DOOOOOOOOOO! Especially since the teacher isn’t really here. He’s in the studio with a few people teaching them how to place extra ligths etc… Same as me and Audhild did last thursday (or, well, WE did more!)

Sooooo… Now I’ll just “talk” about nothing. Here comes nothing!…!!!

Did you enjoy the nothingness-essess? I sure did!

So here comes some pictures (Just because it takes LOOONG time to upload xD)

Me

Me

Yeah so this is me. I edited it too and Audhild took the picture. And just because I RULE I might just add a song that I found on youtube. CAUSE IT ROCKZ!

Such a lovely song, though the acoustic one sounds alot more sensitive!

EEEENJOY!